Heia
Eg omset gnome-packagekit der termen «package catalog» blir brukt, og eg veit ikkje om eg skal kalle det for «pakkekatalog» eller noko anna sidan vi i norsk ikkje skil mellom catalog og folder.
Torstein Adolf Winterseth skreiv:
Eg omset gnome-packagekit der termen «package catalog» blir brukt, og eg veit ikkje om eg skal kalle det for «pakkekatalog» eller noko anna sidan vi i norsk ikkje skil mellom catalog og folder.
Me skil absolutt mellom «catalog» og «folder»; det er «directory» og «folder» (i tydinga «behaldar for filer») me ikkje skil mellom.
«Pakkekatalog» er altso ei heilt fin omsetting. (Avhengig av *samanhengen* kan sjølvsagt meir lause omsettingar som «Pakkeoversikt» eller berre «Pakkar» passa like bra.)
Merk at det finst nokre tilfelle då «directory» ikkje skal settast om til «mappe». Det er i dei tilfella det faktisk tyder *katalog*, som i «phone directory» eller «LDAP directory». Då brukar me vanligvis «katalog» på norsk (men ord som «register» kan brukast i nokre tilfelle).