On 6 Nov 01, at 11:08, Tarjei Vagstol wrote:
(Tek denne på sida av lista, sidan slik norsk-norsk tyting som eg driv på med, lett berre utartar. Ta det som eit innspel):
On 6 Nov 2001 at 10:41, Jon Grepstad wrote:
bruka 'Klarte ikkje', eks. 'Klarte ikkje å kopla til tenar'? Eg synest det høyrest meir naturlig ut.
Eg synest "klarte ikkje" er meir naturleg på norsk.
Kva med "greidde ikkje"? Verbet "å klara" er litt underleg på nynorsk Det heiter jo nn. "klår" for bm. "klar" ("det var klårt og kaldt"), men er ikkje so bra i den overførte tydinga "eg er klår til å reisa". Heldigvis ser ein ikkje misfosteret "å klåra" ;-)
_Eg_ synest at det er meir naturleg å nytta "greia" for "klara" på norsk. Trur ikkje nokon vil reagera på det heller: "Greidde ikkje å kopla til tenaren". Flyt godt, tykkjer eg.
Igjen: Dette er pedanteri frå sidelina. Ta omsyn til det om de vil, de som gjer ærleg dugnadsarbeid.
"Greidde ikkje" er heilt OK. Eg synest både "greidde ikkje" og "klarte ikkje" er betre enn "kunne ikkje". "Kunne ikkje" er vel litt påverka av den engelske teksten.
Jon Grepstad