Hei,
Eg tenkte eg skulle nemne på denne lista at eg no framover kjem til å jobbe med maskinomsetjing mellom nynorsk og bokmål, ein del av Apertium-prosjektet ( http://www.apertium.org/ ). Apertium er fritt, open kjeldekode, og prosjektet mitt er støtta av Google Summer of Code. Eg har vore så heldig å få Trond Trosterud frå UiT som mentor. Eg trur maskinomsetjing mellom nynorsk og bokmål kan lette arbeidet med omsetjing av fri programvare (iallfall målt i kor mange redigeringsoperasjonar som trengst for å kome frå kjelde til eit mål...), så eg er veldig interessert i innspel frå dei som er involvert her.
http://wiki.apertium.org/wiki/Norwegian og resten av Apertium-wikien inneheld ganske mykje informasjon om nokon har lyst til å prøve ut SVN-versjonen av systemet (lag gjerne konto på wikien). Systemet har per i dag ei omsetjingsordbok med ~36000 lemma, og (uferdige) einspråklege ordbøker, frå Norsk Ordbank; ein modifisert (eldre) versjon av Oslo-Bergen-taggaren gir morfologisk disambiguering. Ta gjerne kontakt med meg om det er spørsmål eller kommentarar.
mvh Kevin Brubeck Unhammer
epost: unhammer at gmail eller irc.freenode.net/apertium: Unhammer
Tysdag 21. april 2009 skreiv Kevin Brubeck Unhammer:
Eg tenkte eg skulle nemne på denne lista at eg no framover kjem til å jobbe med maskinomsetjing mellom nynorsk og bokmål, ein del av Apertium-prosjektet ( http://www.apertium.org/ ). Apertium er fritt, open kjeldekode, og prosjektet mitt er støtta av Google Summer of Code.
Dette hørest veldig bra ut!
Hei igjen, eg sendte tidlegare ein epost her om maskinomsetjing mellom nynorsk og bokmål i Apertium-prosjektet.
Sommarprosjektet med apertium-nn-nb er offisielt over, men utviklinga fortset. Me har gjeve ut to versjonar av omsetjaren allereie, den nyaste blir snart mogleg å teste på http://apertium.org , og omsetjaren har blitt utprøvd på utvalde Wikipedia-artiklar ( http://nn.wikipedia.org/wiki/Kategori:Omsett_med_Apertium ).
No vil me gjerne få til ein skikkeleg evaluering av omsetjingane som kjem ut, og til det treng me litt hjelp. Me må ha noko ferdig omsett tekst til evalueringa, og me har lagt ut bokmålssetningar som treng nynorskomsetjing på: http://nn.wikipedia.org/wiki/Wikipedia:Wikiprosjekt_Maskinomsetjing_fr%C3%A5...
Om nokon vil hjelpe med å omsetje nokre linjer her, hadde me vore svært takknemlege. Jo fleire som er med, jo mindre arbeid blir det på kvar... Den teksta som blir omsett her vil altså bidra til grundig evaluering av systemet slik det er i dag, men vil sjølvsagt au seinare føre til betre omsetjingar med hjelp av Apertium-systemet.
mvh, Kevin Brubeck Unhammer, for apertium-nn-nb
epost: unhammer hos gmail eller irc.freenode.net/apertium: Unhammer
2009/4/21 Kevin Brubeck Unhammer p.ixiemotion@gmail.com: