Hei,
Eg tenkte eg skulle nemne på denne lista at eg no framover kjem til å jobbe med maskinomsetjing mellom nynorsk og bokmål, ein del av Apertium-prosjektet ( http://www.apertium.org/ ). Apertium er fritt, open kjeldekode, og prosjektet mitt er støtta av Google Summer of Code. Eg har vore så heldig å få Trond Trosterud frå UiT som mentor. Eg trur maskinomsetjing mellom nynorsk og bokmål kan lette arbeidet med omsetjing av fri programvare (iallfall målt i kor mange redigeringsoperasjonar som trengst for å kome frå kjelde til eit mål...), så eg er veldig interessert i innspel frå dei som er involvert her.
http://wiki.apertium.org/wiki/Norwegian og resten av Apertium-wikien inneheld ganske mykje informasjon om nokon har lyst til å prøve ut SVN-versjonen av systemet (lag gjerne konto på wikien). Systemet har per i dag ei omsetjingsordbok med ~36000 lemma, og (uferdige) einspråklege ordbøker, frå Norsk Ordbank; ein modifisert (eldre) versjon av Oslo-Bergen-taggaren gir morfologisk disambiguering. Ta gjerne kontakt med meg om det er spørsmål eller kommentarar.
mvh Kevin Brubeck Unhammer
epost: unhammer at gmail eller irc.freenode.net/apertium: Unhammer