Hei!
Eg har mekka saman ei lita nettside der ein kan søkja gjennom nynorskomsetjingane av ein del fri programvare.
Mellombels adresse: https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/
Dei fleste omsetjingane er frå KDE-programma, og elles er det frå andre program eg omset / har omsett til nynorsk.
Håpar nettsida kan vera til nytte når ein lurer på kva eit ord eller uttrykk bør/kan omsetjast til på norsk.
Karl Ove Hufthammer skreiv 12.05.2019 17:01:
Eg har mekka saman ei lita nettside der ein kan søkja gjennom nynorskomsetjingane av ein del fri programvare. […] Dei fleste omsetjingane er frå KDE-programma, og elles er det frå andre program eg omset / har omsett til nynorsk.
Håpar nettsida kan vera til nytte når ein lurer på kva eit ord eller uttrykk bør/kan omsetjast til på norsk.
På førespurnad har eg no laga ein bokmålsvariant av søkesida. Eg har ikkje omsett (noko særleg) til bokmål, så det er noko færre program inkludert. Og nokre få av omsettingsfilene kan vera litt udaterte. Men iallfall alle KDE-programma, med oppdaterte omsettingar, er med.
Søkesida for bokmål ligg på http://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/nb/, mens søkesida for nynorsk er flytta til http://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/nn/. Begge er mellombelse adresser. Eg vil nok oppdatera databasane ein gong i blant, men dette er førebels eit «least effort»-prosjekt. :)
Karl Ove Hufthammer skreiv 25.05.2019 17:35:
Eg har mekka saman ei lita nettside der ein kan søkja gjennom nynorskomsetjingane av ein del fri programvare. […] Dei fleste omsetjingane er frå KDE-programma, og elles er det frå andre program eg omset / har omsett til nynorsk.
Håpar nettsida kan vera til nytte når ein lurer på kva eit ord eller uttrykk bør/kan omsetjast til på norsk.
På førespurnad har eg no laga ein bokmålsvariant av søkesida. […] Eg vil nok oppdatera databasane ein gong i blant, men dette er førebels eit «least effort»-prosjekt. 😄
Ei lita oppdatering om desse sidene: Eg oppdaterer dei (dvs. omsetjingsdatabasane) framleis ein gong iblant, og eg har tenkt å halda fram med det. Og no har eg lagt til støtte for søk via regulære uttrykk. Det gjer at ein kan gjera meir avanserte søk/filtreringar, for eksempel etter alle originaltekstar eller omsetjingar som startar og/eller sluttar med ein viss tekst. Eit enkelt eksempel på eit slikt søk er no nemnt på sidene:
Nynorsk: https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/nn/ Bokmål: https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/nb/