Universitetet i Bergen og Språkrådet har utvikla ein «termportal», kort sagt ein søkemotor der ein søka i fleire ulike termbasar samtidig: https://term.uib.no/
Eg synest sjølve søkemotoren var uvanleg rask og grei å bruka. Så det er verdt å ta ein tur innom berre for å testa brukaropplevinga.
Det verkar ikkje vera så veldig mange dataord der, men nokre er det, for eksempel «cache» og «joystick». Og kanskje er det ein del *gamle* termar? Eg fann iallfall «skjermpilot» som hovudomsetjing av «mouse» i ein av termbasane. Det hadde eg aldri høyrt før! (Men ordet står faktisk i Nynorskordboka.)
Ein kan lesa meir om Termportalen på https://www.uib.no/ub/fagressurser/spesialsamlingene/121707/termportalen.