Ut frå tidlegare diskusjonar har eg endra alle "DERSOM" i formlar til "VISS" i betautgåva av LibreOffice 4.2. Endringane blir ikkje synlege før neste utgåve (trur eg), dersom du ikkje byggjer programmet sjølv. Sjølvsagt er det ikkje noe problem å endra VISS tilbake til DERSOM dersom dette er ønskjeleg. (Ja, til vanleg brukar eg sjølv "dersom" når eg skriv).
Hoppet frå versjon 4.1 til 4.2 er såpass stort at eg reknar dette for ei høveleg tid for å endra ordvalet. Sidan det er nokså mykje nytt i denne versjonen, har eg nytta høvet til å tilpassa språket til rettskrivingsnormalen og rettningslinjene og såleis gjera språket meir konsekvent. (Finn t.d. blandingar av både legge, legga, leggje og leggja; lagra, lagre; bare, berre; bli, vert osv. i tekstane). Men mykje står igjen. Trass alt inneheld den engelske versjonen ca. 96 000 ord som skal omsetjast og/eller gjennomgåast. ("Bare" 4 630 ord som ikkje er omsette akkurat nå).
I versjon 4.2 er det også innført ein del nye formlar, men omsetjinga av desse, både nb og nn, får eg heller koma tilbake til. Kan ikkje spreia meg på for mange ting. Andre som kan sjå på dette? Helsing Kolbjørn Stuestøl