Eg skal omsetja uttrykket «casual game» og lurer på kva eg skal kalla
det på norsk. I ei lengre setning ville det kanskje vore naturleg å
omtala det som enkelt «tidsfordriv» e.l., men i min samanheng vil eg
helst ha med ordet «spel». Det skal stå saman med andre spelsjangrar,
for eksempel actionspel og kortspel.
Eg ser Wikipedia på bokmål/riksmål kallar det «lettbeint spill», med
alternativa «avslappet spill», «hverdagsspill» og «casual-spill». Dei
nemner at eit «casual game» typisk har:
* Enkle spillmekanismer som er lette å forstå og lære.
* Enkelt brukergrensesnitt operert med få trykk eller klikk.
* Korte spillrunder, slik at et spill kan spilles i løpet av pauser i
arbeidsdagen, på offentlig transport eller ventende i en kø.
* Ofte gjenkjennelige visuelle elementer, som gjenspeilinger av
spillkort og bondesjakk.
Sjå https://no.wikipedia.org/wiki/Lettbeint_spill for meir forklaring.
Eg synest «lettbeint spel» er ei heilt okei omsetjing, men eg synest
ikkje ho treffer /heilt/. Det er heller ingen kjelder i
Wikipedia-artikkelen på at uttrykket er brukt på norsk, så det verkar å
vera «funne opp» av artikkelforfattaren. I denne NRK-artikkelen
https://www.nrk.no/kultur/xl/voksne-kvinner-spiller-mer-mobilspill-enn-menn…
brukar dei hovudsakleg det engelske omgrepet eller kallar det «småspill»
(som er greitt, men ganske upresist).
Synspunkt? I utgangspunktet har eg tenkt å gå for «lettbeint spel», men
viss det finst betre alternativ, så kom med dei!
Det finst òg eit relatert uttrykk, «casual gaming», og det kan vera
greitt å få eit norsk uttrykk for dette òg.
--
Karl Ove Hufthammer
Eg har lenge tenkt på å laga nokre små videoar som viser korleis
omsetjing fungerer i praksis. Eg trur det er lettare (og kjekkare!) å
læra av videoar enn av lange tekstforklaringar.
No har er endeleg fått prøvd å snikra saman nokre testvideoar (med vekt
på /test/):
https://huftis.org/kritikk/omsetjingsvideoar/
(Videoane er spelte inn i full HD, så sjå dei gjerne i fullskjermsmodus
for høgast kvalitet.)
Eg er interessert i tilbakemeldingar på om dette faktisk er ein god idé
og om kva som fungerer bra og mindre bra i testvideoane.
Det eg tenker om nye/framtidige videoar:
* Me bør ha videoar om både generelle konsept (ikkje spesifikt til
eitt program) og om korleis ein brukar spesifikt Lokalize.
* Kvar video bør vera rimeleg kort (iallfall under 10 minutt).
* Til saman bør videoane dekka det meste av det /tekniske/ ein bør
kunna, både elementære og meir avanserte ting.
Andre tankar?
Den langsiktige planen er å ha ei side på https://l10n.no/ der ein kan
sjå (dei framtidige) videoane. Det er vel ikkje så lurt å ha videofiler
i Git, så dei bør vel teknisk sett ligga ein annan plass. Er det kanskje
ein PeerTube-instans som kan passa?
--
Karl Ove Hufthammer