Torsdag 16. juli 2009 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
om ein skulle bruke sitatet, kunne ein hevde at "opplysing" er aktiviteten å opplyse noko, men "opplysning" er resultatet av aktiviteten. det høyrest logisk ut for meg, men eg nektar å tru at du klarer å finne ein einaste språkbrukar som gjer dette skiljet.
eg har ingen sterke meiningar om kva vi skal velje, eg tippar at eg vaklar i mine eigne skrivne tekster.
Og som ordboka gjer klart, er ikkje dette skiljet meint heller (når me snakkar om substantivet – som i «fleire opplysningar/opplysingar»). For å oppklara litt: Me har fleire typar avleiingar. Første er
bygging – bygning
Det er dette sitatet snakkar om. Bygging er det ein gjer, og bygningar er resultatet. Tilsvarande er «opplysning» eineform på bokmål. Generelt er -ing meir vanlig på nynorsk og -ning på bokmål, men me har òg eksempel på bokmålsord der det *må* vera -ing, ikkje -ning, som i «gransking» (ja, «granskning» er feil).
So har me ord med valfri -ning/-ing. Eit eksempel er bokmålspara
forskning/forsking
Her har me ikkje valfridom på nynorsk; det må heita «forsking». Til slutt har me ord som har valfri form på nynorsk, som «opplysning»/«opplysing». Men me har òg -ing-form av *verbet*, som i «opplysing av folket» (eller av vegen). Her er det altso snakk om ein annan type ord.
Det det opphavlig spørsmålet til Eirik gjaldt, var vanlige substantiv, som i «fleire opplysningar» eller «fleire opplysingar». Dette er valfritt (i motsetning til «fleire granskingar»). Spørsmålet er altso om nokon føretrekker at me brukar éi form framfor den andre.
Nettsøk viser for øvrig at «opplysningar» er mykje meir vanlig enn «opplysingar».