Skal vi standardisere på «opplysning» eller «opplysing» i nynorskomsetjingane?
Eit sitat seier: «På begge målformer viser ofte verbalsubstantiv som endar på -ing, til ei handling, mens dei tilsvarande som endar på -ning, fortel om resultatet av handlinga. Det vanlegaste eksempelet er bygging og bygning. I lærebøker er oppbygging om det å byggje opp noko og oppbygning om struktur eit vanlegare tilfelle. Eit anna par som følgjer mønsteret, er bokmål forurensing/forurensning (på nynorsk dekkjer ureining begge tydingane).»
Elles har vi pleidd å bruke -ing-endingar, så spørsmålet er om dette ordet òg skal følgje den regelen, eller om det skal reknast som eit unntak.
Mvh Eirik U. Birkeland
Hei,
Tysdag 14. juli 2009 17.47.21 skreiv Eirik U. Birkeland:
Skal vi standardisere på «opplysning» eller «opplysing» i nynorskomsetjingane?
Ei (eller fleire) opplysning er det du får når du vert opplyst, så det høyres no ut til at ord-paret følger mønsteret.
Mvh, Lars Ivar Igesund
Eg held ein knapp på opplysing. Nynorskordboka definerer ordet som "det å opplyse", som altso viser til ei handling, og difor vanlegvis har endinga -ing.
Hugs òg synonym og variasjonsord: melding, kunngjering, informasjon, tips, notat, merknad og mange andre.
Beste helsing
Eivind Ødegård
_________________________________________________________ Alt i ett. Få Yahoo! Mail med adressekartotek, kalender og notisblokk. http://no.mail.yahoo.com
Eirik U. Birkeland:
Skal vi standardisere på «opplysning» eller «opplysing» i nynorskomsetjingane?
Eit sitat seier: «På begge målformer viser ofte verbalsubstantiv som endar på -ing, til ei handling, mens dei tilsvarande som endar på -ning, fortel om resultatet av handlinga. Det vanlegaste eksempelet er bygging og bygning. I lærebøker er oppbygging om det å byggje opp noko og oppbygning om struktur eit vanlegare tilfelle. Eit anna par som følgjer mønsteret, er bokmål forurensing/forurensning (på nynorsk dekkjer ureining begge tydingane).»
Dette sitatet er irrelevant. Nynorskordboka viser klart at ordet har valfri skrivemåte, og denne «regelen» seier ingenting om me bør skriva «opplysning» eller «opplysing» når det er snakk om substantivet.
On Wed, 2009-07-15 at 13:25 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:

om ein skulle bruke sitatet, kunne ein hevde at "opplysing" er aktiviteten å opplyse noko, men "opplysning" er resultatet av aktiviteten. det høyrest logisk ut for meg, men eg nektar å tru at du klarer å finne ein einaste språkbrukar som gjer dette skiljet.
eg har ingen sterke meiningar om kva vi skal velje, eg tippar at eg vaklar i mine eigne skrivne tekster.
On Thu, 2009-07-16 at 20:40 +0200, Kjetil Torgrim Homme wrote:
om ein skulle bruke sitatet, kunne ein hevde at "opplysing" er aktiviteten å opplyse noko, men "opplysning" er resultatet av aktiviteten. det høyrest logisk ut for meg, men eg nektar å tru at du klarer å finne ein einaste språkbrukar som gjer dette skiljet.
eg har ingen sterke meiningar om kva vi skal velje, eg tippar at eg vaklar i mine eigne skrivne tekster.
ved litt nærmare ettertanke, så fell det meg i hug at folk kan seiast "å drive med opplysing", så kanskje det *er* nokon som har dette skiljet (skal tru om dei også vil seie "drive med opplysningsarbeid"?). eg spurte min 79 år gamle far og målmann, og han ville alltid skrive "opplysning" når det er informasjon frå andre det er snakk om. at resultatet vert at vi brukar det samnorske "opplysning" er vel ikkje negativt, heller.
Torsdag 16. juli 2009 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
om ein skulle bruke sitatet, kunne ein hevde at "opplysing" er aktiviteten å opplyse noko, men "opplysning" er resultatet av aktiviteten. det høyrest logisk ut for meg, men eg nektar å tru at du klarer å finne ein einaste språkbrukar som gjer dette skiljet.
eg har ingen sterke meiningar om kva vi skal velje, eg tippar at eg vaklar i mine eigne skrivne tekster.
Og som ordboka gjer klart, er ikkje dette skiljet meint heller (når me snakkar om substantivet – som i «fleire opplysningar/opplysingar»). For å oppklara litt: Me har fleire typar avleiingar. Første er
bygging – bygning
Det er dette sitatet snakkar om. Bygging er det ein gjer, og bygningar er resultatet. Tilsvarande er «opplysning» eineform på bokmål. Generelt er -ing meir vanlig på nynorsk og -ning på bokmål, men me har òg eksempel på bokmålsord der det *må* vera -ing, ikkje -ning, som i «gransking» (ja, «granskning» er feil).
So har me ord med valfri -ning/-ing. Eit eksempel er bokmålspara
forskning/forsking
Her har me ikkje valfridom på nynorsk; det må heita «forsking». Til slutt har me ord som har valfri form på nynorsk, som «opplysning»/«opplysing». Men me har òg -ing-form av *verbet*, som i «opplysing av folket» (eller av vegen). Her er det altso snakk om ein annan type ord.
Det det opphavlig spørsmålet til Eirik gjaldt, var vanlige substantiv, som i «fleire opplysningar» eller «fleire opplysingar». Dette er valfritt (i motsetning til «fleire granskingar»). Spørsmålet er altso om nokon føretrekker at me brukar éi form framfor den andre.
Nettsøk viser for øvrig at «opplysningar» er mykje meir vanlig enn «opplysingar».
Tysdag 14. juli 2009 skreiv Eirik U. Birkeland:
Elles har vi pleidd å bruke -ing-endingar, så spørsmålet er om dette ordet òg skal følgje den regelen, eller om det skal reknast som eit unntak.
Eirik og eg er no einige om å bruka «opplysning», og eg har endra omsettingane der «opplysing» er brukt.