Eg er no ferdig med å revidera dei språklege retningslinjene våre:
https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/retningslinjer.html
Det har ikkje vore gjort store endringar i desse sidan 2013 (rett etter 2012-reforma av rettskrivinga), så det var absolutt på tide med ein revisjon.
Eg har retta skrivefeil og (halv)dårleg språk, forbetra eksempel, forbetra formateringa, lagt til nye lenkjer og oppdatert informasjon som var utdatert eller ikkje like relevant lenger. Har òg lagt til nokre bilete, slik at det ikkje skal vera så kjedeleg å lesa. 😃
Ta ein kikk, og gjev gjerne tilbakemelding på ting som kan forbetrast eller manglar.