On Saturday 17 May 2008 15:13:07 Karl Ove Hufthammer wrote:
Lørdag 17. mai 2008 skreiv Lars Ivar Igesund:
der den brukbare omsettinga «Nyaste album» er endra til den språklige katastrofen «Dei Nyaste Albuma Dine», og det er hevda denne er godkjend («Reviewed») av meg, noko som sjølvsagt er reint oppspinn, og eg er nær med rekna som direkte ærekrenking.
Eg er usikker på om du kan hevde at det er hevda, sidan di godkjenning er gitt før omsetjinga er skriven.
Nei, godkjenninga kjem etter. Legg merke til årstalet:
Translated by Robert Grønning on 2006-05-23 Reviewed by Karl Ove Hufthammer on 2007-04-04
Du har rett - min feil. Eg tok det opp i #kubuntu-devel, men Riddell ser ikkje ut til å meine at der er noko gale med launchpad omsetjingar. Har dog ikkje kommentert denne feilen (enno).
Skal eg gjette, så er dette heller ein layout feil, slik at det er snakk om godkjenninga av di eiga omsetjing som har vorte plassert på feil plass på sida.
Uansett ville det vore ein rar påstand, då eg aldri har vore inn og godkjent noko i Launchpad.
Meinte her at eg trur kanskje launchpad plukkar opp at du har committa (dvs godkjent) tidlegare endringar - dei har no iallfall namnet ditt frå ein stad.
Mvh, Lars Ivar