Hei
No er det snart klart for utgjeving av første sleppkandidat for debian-installer. Tekststrengane er fryste frå i dag av og over helga. So no er det høve til å oppdatere omsetjingane. I første installasjonsteget har nynorsk 100%, bokmål har 84%. Du kan til ei kvar tid sjå framgangen for dei ulike stega og ulike språka på [1].
På andresteget ligg bokmål og nynorsk ganske jamt på 50% og 52%. Tredjesteget er nynorsk oppe i 92%, medan bokmål berre har 20%.
Filene finn du i skulelinux sin cvs: skolelinux/i18n/other/n[nb]/debian-installer.po skolelinux/i18n/other/n[nb]/debian/2nd-stage/*.po skolelinux/i18n/other/n[nb]/debian/3rd-stage/*.po
Fint om de også ser kritisk på sidemålsomsetjinga når de omset.
Helsing Håvard
[1] http://people.debian.org/~seppy/d-i/translation-status.html