Den 12.07.2017 18:41, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 25. juni 2017 21:23:
I GIMP 2.10 kjem det eit verktøy kalla "Warp". Eg har (førebels) sett det om med «forvrenging». Kanskje «deformering» er betre?
Eg synest «forvrenging» er best.
Einig.
Av og til kan verktøyet hente inn eller sende ut pikslar utføre biletet. Pikslar som blir henta utføre biletet blir normalt gjennomsiktige, men eg kan også velja å bruke
- farge frå den næraste pikselen innføre biletet
- farge frå motsett kant av biletet.
I valet 2 vil for eksempel ein farge som fell utføre biletet på høgre sida, dukke opp på venstre sida. I originalen er valet 1 kalla "Clamp" og valet 2 kalla "Loop".
Må det vera korte tekstar? Viss ikkje, kan du kanskje kalla alternativ 1 «Næraste piksel» og alternativ 2 «Motsett sidekant»? Det bør jo vera ganske forståeleg (meir det enn dei engelske orda er).
Det er rimeleg god plass. (Førebels er det ikkje råd å omsetje desse to orda, men eg reknar med at feilen blir retta opp nokså snart sidan dette er ein menytekst. Det finst ein del tilfelle i GIMP der programmerarane har gløymd å "localize" tekstane). Det ser forresten ut til at fleire språk enn norsk har problem med desse to orda i denne samanhengen. Helsing Kolbjørn