Sundag 11 mai 2008 skreiv Christian Lomsdalen:
Hvordan bruker jeg launchpad til å oversette fra po-filer? er det i det hele tatt mulig?
.po-filer er sjølve omsettingsfilene. Det er .pot-filer du omset frå
Når jeg prøver å lage et prosjekt der, så finner jeg ikke noe sted for å laste opp f.eks po-filer, kun mulighet for å legge til kildekode, men så fansy trenger jeg ikke å gjøre det.
Det skal ikkje vera noko problem å lasta opp .pot- og .po-filene. Men eg vil på det sterkaste anbefala deg å ikkje bruka Launchpad til omsetting av programmet ditt. For det første er det veldig tungvindt og tregt i bruk, samanlikna med vanlige verktøy for redigering av .po-filer, noko som er upraktisk for folk som skal omsetta programmet ditt.
For det andre vil du typisk få dårlige omsettingar. Omsettingsgrupper i mange land har erfart at ein stor del av folk som brukar Launchpad ser ut til å vera både språklig og teknisk håplause.
For det tredje fungerer nedlasting av .po-filene ofte veldig dårlig. Du kan risikera å måtta venta i vekesvis på å få dei. Dette er eit problem både for omsettarane og programutviklaren.
Det er òg mange andre grunnar til å halda seg langt vekke frå Launchpad, både praktiske og ideologiske.
Sjå gjerne http://groups.google.com/group/no.it.os.unix.linux.diverse/msg/ff9f005007622... for mine tankar om kor grusom og kvalitetshemmande Rosetta/launchpad er.