I tillegg til manuell formatering bruker LibreOffice noko dei kallar stilar for å formatere tekst. Dette gjer det enklare å formatere i alle fall store dokument einsarta. Frå versjon 7.6 har LibreOffice innført (i Writer) noko dei kallar spotlight.
I sidepanelet som viser stilar, kan eg velje "Spotlight". Alle stilane som er brukte i dokumentet blir då merkte i venstre marg i dokumentet med ein farge og eit nummer som svarar til stilnummera i tabellen over tilgjengelege stilar. Eg har ikkje fått tid til å prøv dette ut, funksjonen kom for nokre få dagar sidan, men meininga er visst at dette skal gjere redigeringa enklare i og med at du for kvar einaste linje ser kva stil som er brukt.
Kva skal vi kalle denne funksjonen på norsk? Førebels har eg hamna på «framheve» eller «merkja». Eg reknar med at dei fleste brukarane forstår kva ein meiner med "spotlight", men vi skal vel prinsipielt bruke norske ord? Spesielt i dette tilfellet sidan ordet ikkje er innarbeidd på nokon som helst måte i denne tydinga. Eg veit ikkje om andre skriveprogram har denne funksjonen.
Vonleg finst det i forumet ein eller annan som har eit betre forslag enn dei eg har.
Helsing Kolbjørn