Den 17.12.2024 17:12, skrev Kolbjørn Stuestøl:
Den 17.12.2024 10:20, skreiv Kjetil Torgrim Homme:
må. den 16. 12. 2024 klokka 21.27 (+0100) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Lista over namna brukte i reknearket LibreOffice Calc og i Excel er nå oppdatert.
Det er mykje data på mange stader å fine ut av, så eg reknar med at eg har oversett eitt eller anna. Fint om du seier i frå om/når du finn feil.
takk for godt arbeid :)
Det er nokre år sidan namna blei diskuterte i omsetjarforumet, så kanskje på tide å sjå på dei nyaste?
Du finn lista her: https://stuestoel.no/office/calc/calc-funcs.php
det fyrste eg la merke til var
Nr Engelsk Nynorsk Bokmål Excel (bokmål) 6 ACOSH HYPERBOLSK.SEKANT INVERS.COSH ARCCOSH 7 ACOT ACOT ACOT ACOT 8 ACOTH ACOTH ACOTH ACOTH 17 ASIN ARCSIN ARCSIN 18 ASINH ARCSINH ASINH ARCSINH 19 ATAN ARCTAN ATAN ARCTAN 20 ATAN2 ARCTAN2 ARCTAN2 21 ATANH ARCTANH ATANH ARCTANH […]
(håper tabellen vert leseleg for dykk, han inneheld litt TAB og slik)
Han er i alle fall godt leseleg hos meg.
dette verkar litt lite konsekvent på meg, også i bokmåls-Excel! det burde vere konsekvent "A" eller "ARC" som prefiks, synest eg, og reint personleg likar eg best "ARC".
det er meir leseleg med HYPERBOLSK som prefiks enn med H som suffiks, men det spørs om det er verdt å avvike frå alle andre. folk er også vant med H-suffiks i alle andre samanhengar.
må innrømme at "sekant" hadde eg heilt gløymt. sec(x) = 1/cos(x). eg trur både nynorsk og bokmål er feil her (linje 6).
Veit at i alle fall nokre av desse blei diskuterte i omsetjarforumet, men finn ikkje trådane.
Dette er utanfor mitt fagområde, så eg håpar matematikarane kan sjå på dette. Hadde vore fint med konsekvent språkbruk i høve til det som er i vanleg bruk. I og med at denne sida er tilrådd som mønster for omsetjingar av reknearkfunksjonar, bør det vere korrekt her. Eg har ikkje kontrollert dette mot f. eks. Wikipedia eller andre oppslagsverk, korkje på norsk nn, nb eller engelsk. Ut frå erfaringar, er det ikkje alltid at den opphavlege teksten i LibreOffice er konsekvent.
A- som prefiks blir gjerne brukt i programmeringsspråk. Der går det i hvert fall tilbake til Fortran 77, og C på 80-tallet. Men det er nok bare for å spare to tegn en gang i gamle dager da to bytes var å regne som en reell kostnad. Tross alt å erstatte "arc" med "a" gir lite verdi selv i programmeringsspråk hvor det i dag må bare regnes for konvensjon.
- Sigmund