torsted@runbox.no writes:
Hei! Kanskje dette er et veldig opplagt spørsmål, men sender det likevel.
Etter å ha brukt Skolelinux og openoffice mye, ser jeg at mange vanlige ord mangler i ordlisten. Hvordan er status for oppdatering av myspell ordlistene? Finnes det noen som aktivt vedlikeholder disse ordbøkene?
Det kan sjå ut som om nokre øydelagde ordlistefiler er i omløp, det har me høyrd om før. Eg anar ikkje kvar dei kjem frå. Eg har i kveld prøvd filene frå www.openoffice.org og frå Skulelinux-pakkane (dei er visst ikkje like). Begge fungerer tilsynelatande fint hos meg.
Me har planar om å reinska godt opp i ordlistene i sommar når me arbeider meir intensivt med omsetjinga av OpenOffice.org.
Ser at det er en del informasjon i README fila som ligger i cvs, er det andre ting som jeg skal passe på?
Kan du senda meg dei ordlistefilene du har problem med? Det er snakk om nb_NO.aff og nb_NO.dic i share/dict/ooo i den katalogen der du har installert OpenOffice.org. Dessutan kan du prøva å leggja inn dei ordlistefilene som ligg i CVS i staden, starta OpenOffice.org på nytt og sjå om du får det same resultatet då.
Kommer endringer i ordlistene til å bli oppdatert i pakkene som er med i skoelinux?
Det er klart. Sidan MySpell-ordlistene byggjer på ISpell-ordlistene, er det truleg best å få endringane inn der. Men det gjeld kanskje ikkje problemet ditt, dersom du har fått tak i øydelagde ordlistefiler. Eg er som sagt interessert i å få ein kopi.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes