«Display-referred» er eit adjektiv. Det beskriv bilete som er gamma-korrigerte så dei kan visast på ein skjerm eller trykkast på papir (lysnivåa i biletet er relative til korleis vi oppfattar lys). Det motsette er «scene-referred» der biletet gjengir lysnivåa rått og ukorrigert (relativt til scena).
Men den norske terminologien kjenner eg ikkje.
-thomas
2017-06-01 22:47 GMT+02:00 Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no:
Det dukkar stendig opp nye problem for meg. Denne gongen "The phrase "display-referred" refers to images that can be displayed (either directly or by means of ICC profile color management) on devices. The displaying device might be a monitor, or an image printed on paper, or some other display technology." Altså kva skal "display referred" omsetjast med? Er det eigentleg nokon skilnad på "display image" og "display-referred"? Eller kanskje det er for seint på kvelden for meg. Kolbjørn
E-postlista i18n-no i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no