On Tue, 2004-06-22 at 09:34 +0200, Leiv Hellebø wrote:
Det er ikkje berre storleiken som gjer ispell betre enn myspell. Ispell er betre i norsk, for det godtek nemleg samansetjingar som 'engelskprøve', noko OOo ikkje gjer. Men skilnaden er berre overflatisk, for OOo godtek samansetjinga 'engelsk-prøve', altså med bindestrek. Berre så synd at slik strekbruk er elendig norsk. (Ispell heilgarderar seg ved også å godta bindestrekssamansetjingar som 'matematikk-prøve'. Slik bør det vel ikkje vere.)
eg trur ikkje du skal uroe deg over dette før du klarer å oppdage 'matematikk prøve' som trass alt er ti gongar verre. vegen dit er lang, er eg redd, men ei kvar ferd startar med eit fyrste steg, som det heiter.