Måndag 22. juli 2002 17:21 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eit alternativ er å setta hermeteikn («») rundt alle kommando- /menyval/knappnamn. IMHO ser dette bra ut. Kva synest de?
Det verkar som ein fornuftig regel. Er det like nødvendig dersom den engelske teksten framhevar kommandonamnet på ein annan måte (t.d. feit skrift)?
Ein annan regel som godt kan nemnast er at me kuttar ut ellipseteiknet når kommandonamnet blir skrive i ein samanhengande tekst. Det er ein regel Symbian (Psion/EPOC) brukar, og eg har sett tilsvarande praksis i hjelpetekstar frå Microsoft.
Har forresten nettopp oppdatert retningslinjene.
Dette blir bra ;-)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes