Hjelp til korrektur? Dei områda av LibreOffice (versjon 5.4, 6.0, 6.1 og Master (dvs. 6.2 og seinare)) som ligg ute for omsetjing på https://translations.documentfoundation.org/nn/ inneheld 2 253 542 ord. Av desse er 19 ikkje omsette til nynorsk anten fordi eg ikkje veit kva dei skal omsetjast til eller fordi dei ikkje treng omsetjing. Ca 1100 er såkalla «kritiske». Dette betyr ikkje at det er feil i omsetjinga, men at systemet finn feil i kodane. Ikkje alle «kritiske» er feil. Automatikken er ikkje fullkomen.
Med så mange ord, er det svært sannsynleg at nokre omsetjingar inneheld feil. Difor ville det vere fint om fleire gav tilbakemeldingar anten her i forumet eller direkte til meg om feil du måtte finne anten i brukargrensesnittet (sjølve programmet) eller i hjelp. Små skrivefeil eller større mistak, inkonsekvent språkbruk, feil i høve til «Språklege retningslinjer for omsetjing» og fellesordlista osv. Fint om du rapporterer feilen og kvar han er å finne slik at eg kan finne ut kvar han er. Helst også med versjonsnummeret for LibreOffice og operativsystemet du bruker. Systemet er litt tregt, så det kan hende feilen du finn eigentleg er retta, men det kan eg kontrollere. Takk for all hjelp. Helsing Kolbjørn Stuestøl
--- Denne e-posten har blitt sjekket for virus av antivirusprogramvare fra Avast https://www.avast.com/antivirus