Den 20.01.2019 17:21, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 19.01.2019 16:23:
Ikkje noko stort problem, men kvifor viser e-postlesaren min «i19n-no Forum» som avsendar («korrespondent») når det er eg som har sendt teksten?
Viss det står som «korrespondent», ser du nok på feil felt. Det er «Frå»-feltet som viser forfattaren av e-posten.
I den utgåva eg har av Thunderbird blir det eg reknar som frå-feltet kalla korrespondentar av ein eller annan grunn. Det ser ut til at Thunderbird hentar informasjonen om meg frå adresselista mi, men på feil stad. Då eg fjerna i18n-no frå adresseboka, fekk eg opp "i18n-no@lister.ping.uio.no" som avsendar, når eg legg i18-n-no i adresselista får eg opp namnet eg skriv inn der som avsendar. Eg har ikkje gjort noko med dette, førebels. Helsing Kolbjørn
--- Denne e-posten har blitt sjekket for virus av antivirusprogramvare fra Avast https://www.avast.com/antivirus