Har nå omsett ROUNDSIG() med AVRUND.SIG. Eg veit ikkje når omsetjingane blir synlege i nedlastingane.
Helsing Kolbjørn
Den 03.05.2017 23:21, Kolbjørn Stuestøl skreiv:
Den 03.05.2017 18:42, Kjetil Torgrim Homme skreiv:
on. den 03. 05. 2017 klokka 11.23 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
ROUNDSIG() er å runda av eit tal til ei gjeven meng signifikante tal. ROUNDSIG(129,129;5) vil returnere 129,13, ROUNDSIG(129,129;2) -> 130 osv. ROUND() er omsett med AVRUND(). Eg reknar med at omsetjinga bør blir AVRUNDSIG()? Innvendingar?
tja, vil berre nemne at det (heil)norske ordet for "signifikante tal" er "gjeldande siffer". likevel trur eg AVRUND.SIG() er vel så bra. AVRUND.GJELD() vert rart ;), og AVRUND.GJELDANDE() vert langt.
Ja, gjeldande siffer er brukt alle andre stader i omsetjingane av LibreOffice, trur eg. Var inne på nokre av same tankebanane, men endte altså opp med AVRUND.SIG, dvs. utan punktumet, men ser at det bør vere med.
Eg har ikkje funne dette uttrykket i LibreOffice Calc (reknearket til LibreOffice) for Windows, så eg har ikkje prøvd det. Finst kanskje i utgåver for Linux? Ikkje alltid at utgåvene er heilt like. Eg har ikkje Excel, men ut frå søk på Internett skal uttrykket finnast der. (Eg bruker LibreOffice versjon 5.3.2.2).
i utgangspunktet er eg for å bruke same terminologi som norsk Excel når alternativa er omlag like gode.
Amen. Som sagt, har eg ikkje funne dette omsett til norsk i Excel, men har kanskje ikkje brukt dei rette søkeorda :-) .
Kolbjørn
E-postlista i18n-no i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no