On Sun, 2008-11-09 at 20:22 +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Sundag 09 november 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
Mistenker dog at problemet er størst på nynorsk, etter å ha tittet etter hvor mange ord med dobbel a som finnes i stavekontrollgrunnlaget for bokmål (521) og nynorsk (5154).
kva slags ord er dette? eg trudde dette berre ville gjelde særnamn -- i alle samnamn vil det vere korrekt å konsekvent sortere "aa" som "aa"
Det er mange. Inkjekjønnsord som sluttar på a (dramaa, dataa), hankjønnsord som sluttar på a (ciabattaar), samansette ord (ekstraarbeid, dataanlegg) og ymse enkeltord (kanaanittisk).
nettopp, i samnamn kan/skal ein sortere "aa" som "aa". for særnamn er det vanskelegare, der bør orda helst registrerast med uttalemåte eksplisitt for å få det rett, jf. "Kanaan", "Aaron", men "Haakon", "Aasgaard", "Laagendalsposten" osv. osv.
Men ikkje minst er det filnamn som kanskje er det sorteringa vert brukt mest på. Eg likar for eksempel ikkje at musikkfilene i AAC-format vert sorterte som *.åc, langt etter MP3-filene, at utviklingsfiler som libplasmaappletdialog.so vert handtert som om dei heitte libplasmåppletdialog.so, at OpenDAAP vert til OpenDÅP, og so vidare. Eit kjapt søk på disken gav over sju tusen filnamn som inneheldt aa, og berre ei handfull av desse kunne sorterast som «å» (blant andre nokre musikkfiler av Ivar Medaas, og oppsettfilene til diskusjonsgruppa no.fag.spraak.fagord).
AAC er opplagt eit særnamn, likeeins OpenDAAP, så eg forstår ikkje heilt kvifor du trekk fram desse eksempla.