Mitt forhold til Launchpad, både som omsettar, utviklar og «offer», kan best beskrivast ved hjelp av taltastane på tastaturet – i sjenerøs kombinasjon med «Shift» og «AltGr».
(Les eventuelt "htp://groups.google.com/group/no.it.os.unix.linux.diverse/msg/ff9f005007622783")
Men no ser Launchpad ut til å ha gått heilt av skaftet. Ikkje berre øydeleggjer dei omsettingar, slik at *buntu-brukarar får programma sine på dårlig norsk (det har dei nemlig alltid gjort); no påstår dei til og med at øydeleggingane er godkjende av dei offisielle omsettarane.
Sjå for eksempel
https://translations.launchpad.net/ubuntu/gutsy/+source/amarok/+pots/amarok/...
der den brukbare omsettinga «Nyaste album» er endra til den språklige katastrofen «Dei Nyaste Albuma Dine», og det er hevda denne er godkjend («Reviewed») av meg, noko som sjølvsagt er reint oppspinn, og eg er nær med rekna som direkte ærekrenking.
Kva kan me gjera for å få folk til å slutta å bruka Launchpad (eller *buntu-distroar)? Situasjonen no er jo med på å redusera omdømmet for det gode, offisielle omsettingsarbeidet som faktisk foregår, både i KDE og andre oppstraumsprosjekt, og på å redusera brukaropplevinga for stakkars *buntu-brukarar.