On 2004-02-05 21:55:33 +0100, Axel Bojer said:
torsdag 5. februar 2004, 21:14, skrev Karl Ove Hufthammer:
Går det greitt å omsetta «root» til «rotbrukar».
Det burde gå. Allikevel: Det er et godt spørsmål, for det er ulike ord i bruk, har iallefall hørt «superbruker» også; og på Windows bruker de vel «administrator» ... Tror jeg liker superbruker best, men er ikke fremmed for rotbruker heller. Andre kreative forslag?
På engelsk er det ikkje uvanleg at root vert omtala som "super user" - spesielt i ikkje-tekniske tekstar og i kommersiell dokumentasjon (det kan virke som nokon har gått på dokumentasjonsskrivarkurs og lært å skrive OS-uavhengig tekst - sjølv om dei skriv om eit spesifikt OS :)).
Eg synes "root" skal brukast når det faktisk er snakk om brukaren root - "logg inn som root", "skriv root-passordet" (eventuelt "roots passord", men dei aller, aller fleste Unix-folk eg kjenner vil bruke ordet "root-passordet" for å angi passordet til brukaren root, så å bruke noko anna kan fort virke forvirrande). Viss ein omset dette til "rot-brukaren", "rot-passordet" og liknande får ein enno meir forvirring enn det alt er om korvidt brukarnamnet har ein eller to o'ar. Det er alt forvirrande for mange at denne brukaren har to o'ar i namnet sitt ("det virker ikke å logge inn!"), men det er det trass alt ekstremt vanskeleg (og ditto lite ynskjeleg) å gjere noko med.
Men når det er snakk om funksjonen root har synes eg både super-brukar og administrator kling godt. Administrator har den fordelen eller ulempa at det er det same som det vert kalla i Windows-OS, så det er kanhende forvirrande for ein del at det ikkje er same brukarnamn i Linux samstundes som funksjonen jo er relativt kjend. På den annen side er det ikkje akkurat den same funksjonen - det at ein ikkje har administratorprivilegier _heile tida_ eller at ein ikkje må logge ut og inn på ny for å bli administrator taler i grunnen for å bruke eit anna ord slik at ein unngår at nokon trur det er akkurat likedan.
Superbrukar er eit ord som også finst på engelsk (dvs super user), det seier klart kva funksjon det er snakk om (ein slags Super-Teddy, for dei av oss med glade minne frå Toppen Bech og knut Bjørnsons Frokst-TV) og det kan ikkje blandast saman med Windows-Administrator-ordet.
Så eg røyster for å bruker "superbrukar" når det er snakk om å beskrive funksjonen til root-brukaren, men altså IKKJE som eit synonym til brukarnamnet "root" - for det er det ikkje.