Referat frå Skulelinux-samlinga på Time ungdomsskule 21.-23. februar 2003
Deltakarar: Axel Bojer (bokmål) Gunnhild Lurås (bokmål) Jakob Breivik Grimstveit (nynorsk) Håvard Korsvoll (nynorsk) Oddmund Utskarpen (nynorsk) Gaute Hvoslef Kvalnes (nynorsk)
Samlinga vart halden på Time ungdomsskule på Bryne i Rogaland. Dette er ein heilt nyoppussa skule som ikkje er opna enno.
Fredag hjalp omsetjarane til med å setja opp maskiner og nettverk, slik at alt var klart til lærarane kom på kurs laurdag morgon.
På laurdag starta me optimistisk, men tynnklienttenaren vart raskt overbelasta. Det skuldast at alle lærarane brukte same tenaren som oss, og at maskinproblem gjorde tenaren ein del dårlegare. Me omsetjarane ofra oss for at lærarane skulle få oppleva det berømte, stabile Linux-miljøet. I ein av desse ufrivillige pausane leikte me med tanken på å skaffa vår eigen tynnklienttenar som me kan ta med på samlingar. Då vil me kunna jobba uavhengig av systemproblem på resten av nettverket, og koma tidleg i gang med nyttig arbeid. Me håpar styret i Linux i skolen vil støtta innkjøpet av ein rimeleg tenar, sidan det vil spara oss for mange uproduktive timar.
Seinare fekk me kopla oss på ein annan tynnklienttenar, og fekk faktisk gjort ein del nyttig arbeid. Me jobba ei stund utover kvelden, etter middag. Då hadde kursdeltakarane reist, slik at tynnklienttenarane var meir samarbeidsvillige.
På sundag starta me tidleg fekk gjort mykje godt arbeid. Seinare på dagen fekk me problem med tynnklienttenaren att. Det viste seg at heimepartisjonen var full, etter at nokon (andre) hadde starta ein Gimp-prosess som raskt fylte hundrevis av megabyte. Dette førte til at me fekk problem med å lagra og lasta arbeidet vårt opp i CVS. Det meste gjekk heldigvis bra, men nokre filer vart skadde. (Eg har enno eit håp om at alt kan bergast.) Me fekk no endå meir lyst på vår eiga maskin.
Alle jobba med omsetjing av KDE: Hjelpetekstar, språkvask og eit par nye filer. Fleire andre var interesserte i omsetjingsarbeidet. Nye omsetjarar er alltid velkomne.
(Me fekk aldri skrive referat frå den førre samlinga på Ulsrud videregående skole i Oslo i januar. Då deltok Axel Bojer, Gunnhild Lurås, Herman Robak, Bjørn Steensrud, Børre Gaup, Håvard Korsvoll, Oddmund Utskarpen og Gaute Hvoslef Kvalnes.)