For den som vil prøve det svært enkle programmeringsspråket Logo i LibreOffice, har eg laga ein nettstad som kanskje kan vere til hjelp for å kome i gong.
Du finn sidene på http://www.stuestoel.no/office/logo/logo-startside.php
For meg var det litt nostalgi med i bildet, då eg fann Logo på LibreOffice, men du kan leike deg med Logo sjølv om du ikkje har vore borte i det før.
Kommandoane og hjelp for Logo er omsette til nynorsk i LibreOffice 4.1 og 4.2. Delvis omsette til bokmål, men det kjem nokså snart --- trur eg. (Du finn eit oversyn over kommandoane på nettstaden).
Kolbjørn Stuestøl