On Thu, 24 Jun 2004, Kjetil Torgrim Homme wrote:
On Thu, 2004-06-24 at 16:40 +0200, Leiv Hellebø wrote:
On Wed, 23 Jun 2004, Kjetil Torgrim Homme wrote:
eg trur ikkje du skal uroe deg over dette før du klarer å oppdage 'matematikk prøve' som trass alt er ti gongar verre. vegen dit er lang, er eg redd, men ei kvar ferd startar med eit fyrste steg, som det heiter.
Korleis det står til med Myspell har eg ikkje sett meg inn i enno, men forstår eg det rett er ikkje dette feil for Ispell sin del: (frå ispell(1))
If there are "near misses" in the dictionary (words which differ by only a single letter, a missing or extra letter, a pair of transposed letters, or a missing space or hyphen), then they are also displayed on following lines.aha, interessant. vi kan gjere[1] det motsette av dette: viss to ord (på minst tre bokstavar kvar eller deromkring) sett saman utgjer eit nytt ord som er eksplisitt med i ordlista, flagg det som ein mogleg feil. så legg vi inn dei orda som er vanleg å særskrive.
[1] dvs. patche ispell eller aspell eller myispell til å gjere dette
Har eg rett om du tenkjer slik: Vi flaggar alle slike moglege feil, men markerer som feil berre dei som ofte vert feilaktig særskrive.
Korleis veit vi kva ord det er vanleg å særskrive?
Det verkar som Myspell har om lag same funksjonaliteten, og såleis er vel 'matematikkprøve' _to_ ord som manglar mellomrom.
Umiddelbart peikar det seg ut to løysingar: 1) Ta med forferdeleg mange samansetjingar i ordlista, og gjere brukarane merksame på at dei må melde frå om nye ord som ikkje er med og mellombels bruke sjølvdefinerte ordlister. 2) Å slå av denne "featuren", for nordmenn oppfattar det tydelegvis ikkje som ein feature. (Spontant tenkjer eg at det ikkje vil føre til så mykje gale.)
eg forstår ikkje kva du meiner med 2). meiner du at sær skriving er på veg inn i det norske språket, og at vi dermed ikkje treng å gjere noko med det?
Eg meinte å patche Myspell slik at OOo ikkje ein gong tenkjer på å dele opp einskildord i to. Beklager, det var visst ikkje heilt klart.
Leiv