Eg omset mellom anna GIMP til nynorsk. Då eg ville legge inn eit stilark for å bruke tankestrek i staden for ein fylt sirkel i punktmerkte lister ("unordered lists") i handboka, fekk eg ikkje lov til dette, men fekk i staden eit spørsmål frå ein av «vedlikehaldarane» av GIMP om kvifor eg ville ha det slik. Han viste til nokre retningslinjer han hadde funne på engelsk frå Microsoft. Eg viste til våre retningslinjer (som eg ikkje uventa ikkje fann på engelsk). Eg oppdaga då at der er det brukt prikk i punktlistene, unntatt i eksempelet som viser bruk av tankestrek. Ser at Språkrådet https://sprakradet.no/klarsprak/sprak-i-lover-og-forskrifter/skriverad/struktur-i-lover-og-forskrifter/punktlister/t også bruker punkt når dei omtaler punktlister.
Eg las også ein eller annan staden at det skulle vere ekstra langt mellomrom mellom tankestreken og teksten viss det var råd å få det til. Hugsar ikkje kvar.
Altså: Skal vi buke prikk eller tankestrek? Skal det vere ekstra langt mellomrom etter tankestreken/prikken?