[E-post sendt til både Gaute og i18n-no-lista.]
Eg ser det offisielle KDE-omsettingslageret no brukar ein ny mappestruktur, som er forskjellig frå den som ligg i CVS-lageret til Skulelinux:
http://developer.skolelinux.no/cgi-bin/viewcvs.cgi/skolelinux/i18n/head-kde-... http://websvn.kde.org/branches/stable/l10n/nn/messages/ http://websvn.kde.org/branches/stable/l10n/templates/messages/
Korleis er dette meint å fungera? Bør det ikkje vera samsvar mellom dei to?
Eg ser òg at omsettingane i Skulelinux er basert på «stable»-greina. Eg trur ikkje eg heilt har forstått korleis denne er meint å fungera. Kan nokon forklara? Mappestrukturen ser for øvrig ut til å vera litt forskjellig på «stable» og «trunk» òg (eller er det berre *fleire* mapper på «trunk»):
http://websvn.kde.org/branches/stable/l10n/templates/messages/ http://websvn.kde.org/trunk/l10n/templates/messages/
Spesielt lurer eg på korleis alt dette er meint å fungera for dei programma som *ikkje* følgjer utgjevingane til KDE. Eg ser at for eksempel programmet Kile heilt manglar omsettingsmal (POT-fil) i «stable», sjølv om det er eit gammalt program.
Og generelt verkar det som om *nokon* av omsettingsmalane i «stable» er utdaterte, og er fjerne frå dei som kjem til å bli brukte i neste versjon av dei ulike programma. Er det slik at «stable» først vert oppdatert *rett før* ein ny versjon kjem (--> veldig mykje ekstraarbeid for oss)?
Til slutt vil eg seia frå at datafilene som ligg hos KDE ikkje ser ut til å ha blitt oppdatert frå dei som er i Skulelinux. Jamfør:
http://websvn.kde.org/branches/stable/l10n/nn/data/kdeedu/ http://developer.skolelinux.no/cgi-bin/viewcvs.cgi/skolelinux/i18n/head-kde-...
Og heilt til slutt: Er det ikkje like greitt at mappa «kde-i18n» (dei eldgamle omsettingane) vert sletta frå Skulelinux-CVS-lageret?