Den 29. sep. 2010 18:01, skreiv Åsmund Skjæveland:
Karl Ove Hufthammer wrote:
Onsdag 22. september 2010 skreiv Åsmund Skjæveland:
Somme program har støtte for å velja mellom 12- og 24-timars klokke. Korleis taklar me det på norsk? Etter det eg veit finst det ikkje noko symbol tilsvarande "AM"/"PM".
Eg har vanligvis omsett det til den *britiske* stavemåten, «a.m.» og «p.m.», sidan det er britisk engelsk elevane lærer på skulen.
Sjå http://www.informatics.sussex.ac.uk/department/docs/punctuation/node28.html
(men merk at kapitélane vert viste som små bokstavar i denne nettsideversjonen av boka).
I strftime-formatkodar vert symbolet %p brukt til å setja inn det lokaliserte symbolet for AM/PM. I den nynorske omsetjinga av strftime er dette "", dvs. ein tom streng. Det er etter det eg ser ikkje mogleg for den som omset eit program å endra på dette, sidan dette er definert i ei anna omsetjing.
Sidan det ikkje kom noko løysing på dette har eg omsett alt av strftime-kodar til 24-timars klokke, også når msgid er ein 12-timars kode.
"%l:M %p" -> "%H.%M"