Fredag 8. oktober 2004 11:28 skreiv Sigurd Gartmann:
Forfattarar brukar tekstbehandlingsprogram; programmerarar brukar skriveprogram.
Men hvorfor er ikke en tekstbehandler et skriveprogram?
Fordi me har definert det slik.
Sjølvsagt er ein tekstbehandlar eit «skriveprogram», i den grad at du kan skriva med/i det, men me har valt å bruka dei to orda nettopp til å skilja mellom to forskjellige typar program. Slikt er veldig vanlig å gjera på norsk, og på alle andre språk, for den saks skyld. (Det einaste (dårlige) eksempelet eg kjem på i farta er at ein godt kan «læra» noko av ei bildebok, men me kallar det ikkje ei «lærebok» for det. Og det kan vera bilde i ei lærebok, men me kallar det aldri «bildebok» for det.)
Skiljet er tilsvarande på engelsk. Ein kan sjølvsagt «prosserera» ord i ein «text editor» eller redigera tekst i ein «word processor», men ein har *valt* desse uttrykka nettopp til å skilja mellom to forskjellige programtypar. Etymologien er av mindre tyding.