Til orientering har eg no starta på ei omsetting av Scratch til nynorsk. Scratch er eit enkelt men kraftig grafisk programmeringsspråk. Målgruppa er ungar i alderen 8 til 16 år, men Scratch er moro for vaksne òg. Les meir om det, og sjå videoar, på
https://scratch.mit.edu/about/
Og sjå imponerande eksempel på kva folk har laga på
Vil du læra Scratch, finn du fine innføringar på norsk (bokmål) på http://kodeklubben.github.io/scratch/
Eg er no ferdig med omsettinga av sjølve Scratch-programmet, men det kan ta nokre veker før denne dukkar opp på Scratch-nettstaden. Det som gjenstår, er omsetting av Scratch-nettstaden og brukarrettleiinga. Det er mykje tekst, og vil ta tid. Førsteprioriteten blant desse er nettstaden (kven leser bruksrettleiingar … ;) ).
I omsettinga har eg prøvd å følgja same terminologi som bokmålsomsettinga så mykje som mogleg og rimeleg – saman med dei språklege retningslinjene våre, sjølvsagt.