Hei
Eg ser at nokon av dykk har fylt ut CORRECTION-feltet sjølv om de har gjeve ordet plusstatus. CORRECTION treng ein berre fylle ut om ordet du får tildelt er feil og du skriv minus i STATUS-feltet.
Elles vil eg driste meg til å anbefale at nokon felt blir prioritert høgare enn andre. Felta bør prioriterast i denne rekkefølga: STATUS: SYNONYM: COMPOSITE-WORD: CLASS: HYPHENATION: CONJUGATION: CONJUGATION-RULE:
Viss ein er usikker på dei tre siste felta, så er det heilt greit å la dei stå tomme. Det kan vere vanskeleg å finne synonym for ord. Men det er berre å bruke ordboka på nett. Eventuelt bruke synonymordbøker. Eit synonym treng ikkje vere eitt enkelt ord, du kan godt bruke to/tre ord på å skildre synonymet. Hugs berre å skilje dei ulike synonyma med komma.
Håvard