Nokre kommentarar til presentasjonen av Skolelinux Dette er eit veldig interessant dokument, men kanskje det bør strammast inn litt om nokon skal orke å lese heile. No har eg bare skumma, med spesiell tanke på samisk. Der er det mye som må rettast opp. Eg vil nemne nokre saker, og reknar med at andre kompletterer:
Innleiinga Denne startar med Noregs mållag, i staden for å starte med kva dette er for eit skriv. Er dette ein presentasjon av Skolellinux eller ein uttale frå Noregs Mållag?Påstanden om at minst 117 kommunar manglar programvare på norsk er for meg uforståelig. Kordan teller ein om ein kommune har programvare eller ikkje?
Kap. 1 I framstillinga av tredelinga av prosjektet har det å legge teknisk til rette for samisk falt heilt ut. Dette er eit svært viktig arbeid som må komme med. Det er ingen meining i å omsette til samisk før tastaturprogram, fontar, sortering osv,. fungerer. Lenger nede står eit avsnitt om nynorsk og samisk, som er - orsak - komplett tøvat. Det er faktisk ikkje slik at nynorskomsettinga har motivert den samiske befolkninga, 99,99% av den samiske befolkninga har verken hørt om Linux på nynorsk, eller blitt engasjert i samisk omsetting av Linux. Det er heller ikkje Universitetet i Tromsø som har omsett til samisk, men einskildpersonar her og der.
Under bidragsytere bør det komme fram kem som er ansvarlig for: - tekniske løysingar for samisk - koordinering av omsetting til samisk (på linje med at koordinatorar for nynorsk og bokmål er nemnde)
Lista over omsetting til samisk inneheld 12 namn. Der er fleire namn som eg kjenner frå diskusjonslista for samisk, som er abonnentar på lista og som følger med, men som så langt ikkje har bidratt med noko konkret. Bør vi ikkje skilje mellom dei som har gjort konkret arbeid og dei som bare er interesserte i å følge med og som kanskje vil bidra etter kvart? Så vidt eg kjenner til, er det bare fire av desse som kan seiast å ha bidratt så langt, nemlig Børre Gaup, Regnor Jernsletten, Svein Lund og Trond Trosterud. I tillegg kjem Esko Aikio, som ikkje sto på denne lista, men som bør vere med. (esko.aikio@same.net) Det er meiningslaust å ha med folk på denne lista som ikkje sjølv i alle fall forstår samisk såpass at dei kan kommentere forslag til omsettingar.
Kap. 7.3.1. Lista over ka som er brukt til arbeid med omsetting av samisk er her svært uryddig og tildels vanskelig å forstå. Denne bør settast opp på samme måten som listene for nynorsk og bokmål, der det går klart fram ka som er omsett: til no: desktop, konqueror og kmail.(Sjekk med Børre Gaup, han har visst omsett nokre småprogram i tillegg) Anna arbeid med samisk bør kanskje skiljast ut for seg. Organisering må konkretisast, kem har organisert ka. Kordan har språkmøtet i Tromsø blitt 20x16timar? Vi var 7 deltakarar på det meste. Kva meinast med omsetting av edu-program?
Ein eller annan stad i dokumentet (finn det dessverre ikkje igjen) sto det at det trengtest 10-12 av dei vanligaste programma på samisk, i første omgang. Dersom nokon har ei liste over det dei meiner er dei 10-12 viktigaste programma, hadde det vore svært nyttig å sjå denne.
Kap. 8.8. I oversikten her over ka som er gjort med samisk, har sjølve omsettingane falt ut. Under 8.8.1. er det ei oversikt over ka som gjenstår på samisk. Ka meiner ein med at dette gjenstår? Er det nokon som har som realistisk målsetting å gjøre alt dette? 13560 timar er omlag 8 årsverk. Som frivillig arbeid er dette heilt urealistisk, sjølv som betalt arbeid vil det vere svært vanskelig å få til. For å seie det rett ut: Eg trur ikkje på omsetting til samisk av meir enn ein del av dette (kanskje 25-30%).
Elles viser eg til referat frå konferansen i Tromsø, som eg vonar at blir lagt ut snart.
Helsing Svein Lund
----- Original Message ----- From: Knut Yrvin To: linuxiskolen@skolelinux.no ; i18n-no@lister.ping.uio.no ; i18n-nn@lister.ping.uio.no ; i18n-nb@lister.ping.uio.no ; i18n-sme@lister.ping.uio.no Sent: Tuesday, April 23, 2002 1:10 AM Subject: [i18n-sme]Bidragsytere? Komplettering av navneliste...
over bidragsytere :-)
Hei.
Jobber for å komplettere lista over personer som har bidratt til arbeidet med Skolelinux til nå. Kunne dere sjekke i kapittel 1.1 om noen er glemt? Det hadde vært fint å få en epost slik at jeg fikk komplettert navnelistene -- gjerne med hva du eller andre har bidratt med slik at en "havner" i rett kategori.
Sjekk kapittel 1.1 her:
http://developer.skolelinux.no/info/rapporter/ forprosjekt.pdf eller forprosjekt.lyx
- Knut
_______________________________________________ i18n-sme mailing list i18n-sme@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-sme