Onsdag 4. februar 2009 skreiv Petter Reinholdtsen:
For dei som måtte lura på kor herr Reinholdtsen har fått dette frå, må dei nok spørra herr Reinholdtsen. Eg har iallfall ikkje skrive noko slikt.
Det høres bra ut. Jeg antar dette du skriver betyr at du ikke mener at dagens stavekontroll er av lav kvalitet. Det er fint.
Du bør slutta å anta. Eg har ingen sterke meiningar om kvaliteten på dagens stavekontroll etter kva kvalitetskriterium ein ev. skulle komma opp med. Det eg veit er at stavekontrollen ikkje er noko for meg, blant anna av grunnane eg tidligare har skrive om. Derfor vil eg laga min eigen, enkle.
No har eg fått hjelp til det, og vil setja igang med å gjera det (når tida strekk til).
Eller er det helt andre årsaker til at du velger å prioritere å lage en annen stavekontroll i stedet for å forbedre den som allerede eksisterer?
Tida mi er avgrensa, og eg ønskjer derfor ikkje å bruka ho på å gå gjennom over to hundre tusen ord for hand for å finna ord som ikkje står i ordbøkene mine, men som eg kunna tenkt å ha med i stavekontrollen min, fordi eg ein eller annan gong i framtida kunna komma til å stava dei feil.
Andre, som har betre tid, må gjerne få gjera det. Eg vel å la vera.