Fredag 30. juli 2010 skreiv Torstein Adolf Winterseth:
I GNOME-menyen så står det «Tilbehøyr», men eg trur «Tilhøyr» er eit betre ord (det kjenst meir nynorsk ut iallefall). Skal eg byte dei? Heiter forøvrig «Ymse verktøy» i Ubuntu, som heller ikkje er eit dårleg namn.
«Tilhøyr» har ei anna tyding enn «tilbehøyr». Men «Ymse verktøy» (eller berre «Verktøy»?) kan vera OK.
Men merk at eg ikkje veit kva denne menyen inneheld. På KDE-systemet mitt har eg ikkje nokon slik meny, men eg har ein som heiter «Verktøy».