For dei som har levd under ein stein i det siste, KDE 4.2 er altso ute, og er fantastisk: http://kde.org/announcements/4.2/index.php
Både nynorsk og bokmål er ganske godt støtta/omsett i denne versjonen; sjå http://l10n.kde.org/ for statistikk. Nordsamisk er ikkje støtta i det heile tatt.
Det er enno litt overgangsvanskar med omsettingsfilene, og det er grunnen til at dei ikkje er oppdaterte enno. Men det er ingen grunn til å ikkje arbeida med omsettingsfilene i SVN, då alle endringar vert brukte til framtidige versjonar (KDE 4.2.x, og KDE 4.3), og endringane frå versjon 4.2 er enno minimale. Men de kan godt hoppa over alle tekstar som berre er merkte som «stable», då desse vert fjerna ved neste oppdatering (dei er berre brukte i KDE 4.1.x), som eg forhåpentligvis kan få gjort om nokre dagar.