Javisst. Det du nemner har med (programmerings)logikk å gjera. Eg veit ikkje om dei vanlege, kjeldeopne orddelingslister er i stand til å handtera slike ting ...
PS: Litt godt at du skreiv «odeling», ettersom eg sjølv jo har prestert å skriva «ordeling» – som jo er noko anna enn «orddeling» … ha, ha …
Leif Halvard Silli
Den 2022-01-30 19:12 skreiv Arno Teigseth:
NB Kan være du trenger mer logikk enn bare en odliste her, i tilfeller med trippelkonsonant: trekkraft
Trekk- kraft
:) Mvh Arno
On Sun, Jan 30, 2022, 13:04 Leif H Silli verktystell@russisk.no wrote:
Hei
- Kva er den (mest) autoratative staden å lasta ned ordlister for
ordeling ifrå? (Hyphenation-ordlister)
- Eg har prøvd å lasta ned ordlister frå no.speling.org, men den sida
er nett no utilgjengeleg. Er dette permanent?
- Framlegg/Ide: Eg saknar ei slags «testrekke» («test suite») for
bokmål og nynorsk hyphenation/ordeling. Eg skal forklara behovet med eit bruksdøme:
Eg har nett no henta ned hyphenation-lister for bokmål og nynorsk ifrå tug.ctan.org[1]. So har eg installert listene, etter beste evne, forsøksvis med nokre tilpassingar, slik programmet mitt (Prince XML) kravde. So har eg prøvd å ta dette i bruk. Med det resultat at eg ser at, ja, orddeling skjer. Men eg forstår ikkje utan vidare om den orddelinga som skjer fylgjer norske orddelingsreglar, eller om det berre er engelsk orddeling applisert på norsk tekst eg ser. I tilfelle det siste, kan feilen anten liggja i ordlistene ifrå tug.ctan.org … eller det Prince XML som fell tilbake til å nytta engelsk orddeliste, i mangel på (korrekt installert) norske orddelingslister.
Ei slik tekstrekke/testsuite burde ha nokon dømetekstar, der kvar tekst skulle vera delt i to like tekstar, der den eine sida skulle vera utan orddeling, medan den andre skulle ha (manuell/fast/hard) orddeling. Når ein så køyrer testteksten i sitt eige program, skal teksten utan manuell/fast/hard orddeling verta sjåande ut på same måte som teksten med manuell/fast/hard orddeling.
Ei god tekstsuite må ha ord som gjev attkjennelege utslag. Og sidan norsk orddeling vel kan utførast på litt ulike måtar, må ei slik testsuite helst implementera fleire orddelingsmåtar/-alternativ … eller i det minste dokumentera den bestemte orddelingsmåten som er forsøkt teke implementert.
[1]
http://tug.ctan.org/tex-archive/language/hyph-utf8/tex/generic/hyph-utf8/pat...
Beste helsing Leif Halvard Silli _______________________________________________ E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org