On Sat, 14 Jul 2018, Karl Ove Hufthammer wrote:
Thomas Gramstad skreiv 30. juni 2018 05:09:
Har ikke mulighet til å være med på rekonstruksjonen av arkivene, men lurer på om community på epostlisten Mailman-users vet om noen flere verktøy eller skript som kan forenkle eller redusere arbeidsbyrden.
Eg fann til slutt ei «hemmeleg» adresse (som ikkje er lenkja til nokon plass, og som ikkje er tilgjengeleg for alle) der ein kunne lasta ned heile arkiva i originalformat. Sidan Mailman-versjonen var såpass gammal (2.1.13), var det tekniske feil i arkivfilene som gjorde dei ugyldige (det gjaldt spesielt e-post der nokon hadde begynt ei linje med ordet «From»). Men det finst eit skriptet som heiter «cleanarch», som følgjer med nyare versjonar av Mailman, som kunne fiksa dette.
Så no sit eg altså med komplette og oppdaterte arkiv for dei fire e-postlistene våre, utan teiknkodingsproblem (utanom for dei få e-postane der nokon faktisk *sende* innlegg med feil teiknkoding). Dei er til saman på 87 MiB, med over 20 000 innlegg! (På i18n-nn og i18n-nb er det naturleg nok mange robotmeldingar, men på i18n-no er det over 8 600 meldingar, 18 år tilbake.)
Flott at arkivene er i orden!
Thomas Gramstad