Kolbjørn Stuestøl skreiv 20.01.2019 19:54:
Viss det står som «korrespondent», ser du nok på feil felt. Det er «Frå»-feltet som viser forfattaren av e-posten.
I den utgåva eg har av Thunderbird blir det eg reknar som frå-feltet kalla korrespondentar av ein eller annan grunn.
Det er ikkje «Frå»-feltet. Du vel sjølv kva felt du vil visa, frå ei liste over nærare 20 felt. «Korrespondentar» er eitt av dei. «Frå» er ei anna.
Poenget med «Korrespondentar» er at det er eit «smart» felt, som viser den mest aktuelle informasjonen til deg. Er du i «Sendt»-mappa, viser det mottakaren («Til») (sidan det truleg ikkje er av interesse å sjå kven e-postane er *frå* – dei er alle frå deg). Og er du i innboksen eller ei anna mappe, viser det avsendaren («Frå»), sidan det er det du er mest interessert igjen, *med mindre* avsendaren er deg; då viser det mottakaren. Du får altså alltid den mest relevante informasjonen.
Det ser ut til at Thunderbird hentar informasjonen om meg frå adresselista mi, men på feil stad. Då eg fjerna i18n-no frå adresseboka, fekk eg opp "i18n-no@lister.ping.uio.no" som avsendar, når eg legg i18-n-no i adresselista får eg opp namnet eg skriv inn der som avsendar. Eg har ikkje gjort noko med dette, førebels.
Nei, då fungerer alt *som det skal*. Når du sender e-postar til lista, får du opp namnet du har gitt e-postlista (i adresseboka di) under «Korrespondentar». Viss du ikkje vil ha det slik, bør du byta ut «Korrespondentar» med «Frå».