Gode dykk,
Eg er ny på lista, og får vel seia eitkvart om meg sjølv og vegen hit. Kanhende det kan vera opplysande lesnad. Moralen er at når eg kjem hit, burde fleire òg kunna gjera det.
Eg er valdris, musikar, målmann, lærarutdanna (eit lite mistak) og interessert i data. Mitt fyrste møte med datamaskiner var DOS, og dermed beine vegen til Windows. Eg leitte etter alternativ, var innom både BeOS og tidleg Red hat, og byrja slik å oppfatte - lovleg seint - at det gjekk an å omsetja program til nynorsk. Eg var innom Skulelinux, og dreiv systemet på ein skule ei tid, før eg omsider oppdaga Ubuntu. Om lag samstundes byrja eg å finne ut kva ei po-fil var (ja, det kan ta so lang tid!).
Med Ubuntu vart eg kasta inn i Launchpad, og oppdaga sjølvsagt fort problemet med oppstraums-omsetjingar og dobbeltarbeidet kring det. På grunn av at Launchpad-administratorane ikkje har fornya kontoen min, har eg vorte kasta utatt av omsetjingsgruppa på Launchpad. Og no er eg her.
So kan me sikkert seia at det var her eg skulle vore i utgangspunktet. Eg kunne lært meir om både svn, cvs, gettext og mangt anna, og vore meir til nytte som omsetjar. Eg skal tala litt høgtidsstemt: Om enn vegen hit var lang, får me tru at ein omsetjar endeleg har funne heim, og kan byrje å gjera noko fornuftig.
Eller kva seier de?
Beste helsing
Eivind Ødegård
_________________________________________________________ Alt i ett. Få Yahoo! Mail med adressekartotek, kalender og notisblokk. http://no.mail.yahoo.com