On Sat, Apr 12, 2008 at 8:24 PM, Axel Bojer axelb@skolelinux.no wrote:
Hei!
vet vi har snakket om det tidligere, men skal vi ha med egennnavn i ordlista?
Ja, viss ingen eigennamn er med, vil alle få masse «feil» i kvar einaste tekst dei skriv. Eg synest det er opplagt at t.d. norske byar og norske personnamn skal vera med. Spørsmålet er, som du seier, kvar grensa skal gå.
Ble vi enige om en praksis på dette? Det er, såvidt jeg kan se, flere egennavn med på lista allerede. Men det er vel på den annen side en grense for hvor mange egennavn (spesielt hvilke) vi ønsker å ha med; sjeldne egennavn som krasjer med norske feilstavinger kan det jo være lurt å ikke ta med, eller?
Det kan vera greitt å ha i bakhovudet, men det skjer vel ikkje så ofte. Går det forresten an å leggja inn ord som ikkje skal koma med i ordlista? Viss ikkje, kan ein fort gløyma grunnen til at ordet ikkje er teke inn, og så legg nokon andre det inn seinare. Det ville vore fint med ein kommentar knytt til ordet, à la «dette ordet har me vurdert, for det er eit sjeldant namn, men det er for likt den vanlege feilstavinga ...»
Ein type eigennamn eg trur det er viktig å ha med, er dei utanlandske namna som har ein spesiell norsk skrivemåte. «Moskva», «Beijing», «Warszawa», «Tsjajkovskij», osv. (Så vidt eg kan sjå, er alle desse med i dagens liste, sistnemnde med både «Tsjai-» og «Tsjaj-». Eg kan ikkje transkripsjonsreglane godt nok til å seia om begge er korrekte.)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes