Etter ein del leiting i WebSVN for å finna ut kva for eit av dei fire filtrea i SVN er det som ser ut til å vera i bruk, fann eg fila eg ville ha tak i. Sidan WebSVN er så viseleg innretta at det ikkje er nokon funksjon for å lasta ned filer derfrå, prøvde eg å henta fila med svn i staden. Det gjekk ikkje:
mathilde ~/i18n > svn checkout svn+ssh://aasmunds@developer.skolelinux.no/repos/skolelinux/trunk/i18n/kde aasmunds@developer.skolelinux.no's password: svn: No repository found in 'svn+ssh://aasmunds@developer.skolelinux.no/repos/skolelinux/trunk/i18n/kde'
Dette er, bortsett frå brukarnamnet, ordrett det som står på http://i18n.skolelinux.no/svn-123.html at eg skal gjera for å henta heile filtreet frå SVN. Er det ein feil på SVN-tenaren, eller er nettsida feil? Kontoen min på developer finst enno, så problemet er ikkje innlogginga.