Torsdag 12. februar 2009 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Ja. Den førebelse løysinga mi på dette er å gå gjennom alle orda, og markera om dei skal ha fuge-s, fuge-e, nullbinding eller ikkje kan inngå i samsettingar. Eg har no so vidt begynt på substantiva. Det er rundt 80 000 ord å gå gjennom manuelt, men det er overkommelig … :-/
Det går seint men bra med dette prosjektet. Har no fått lagt til støtte for samansette ord (men fugeinfooversikta er langt frå komplett enno – cirka 1 % ferdig). Har òg fått lagt til støtta for genitiv-s for alle orda som skal ha det.
Men eitt problem eg har oppdaga er overgenerering som godtar typiske stavefeil. For eksempel vil eit ord som «hanskjønnsbøying» («han» + «skjønn» + fuge-s + «bøying») verta godteken, og til og med foreslått. Litt usikker på korleis me (best) kan hindra dette. Forslag?