Litt kort varsel, men:
Kva med ein PGP-nøkkelsigneringsfest på festen? Ta med: - Legitimasjon - Utskrift av nøkkel-id og fingeravtrykk
På nøkkelfesten legitimerer du deg, og gir utskrifta av nøkkel-id og fingeravtrykk til dei andre på festen. Du går då god for at papirlappen faktisk inneheld autentiske data. Du har så også fått ein bunke med papirlappar. Etter festen går du heim, importerer nøklane frå nøkkeltenaren, og signerer dei med din eigen[1] og sender ut att den oppdaterte til nøkkeltenaren. Etter nokre dagar hentar du så ned ein ny versjon av nøkkelen, no vonleg med andre sine signaturar også.
[1] Forutsatt at du har tillit til at nøkkelinnehavaren klarte å produsera ein korrekt lapp, og fingeravtrykk/ID på nøkkelen du får frå nettet stemmer med det som står på lappen.