må den 14.02.2005 Klokka 20:43 (+0100) skreiv Petter Reinholdtsen:
[Jon Kåre Hellan]
Så lenge månedsnavn ikke skal være med, er det ingen grunn til at bokmål og nynorsk skal være forskjellig. Er det noen grunn til å ikke bruke '14.02.2005', slik som Windows?
Tja. jeg er enige i at formatene bør være like, men vet ikke helt hvordan jeg skal begrunne hvilke av dem som bør velges.
Eg har støtta meg til Språkrådet i GNOME-omsetjinga: http://www.sprakradet.no/templates/Page.aspx?id=688 (Resten av posten er klipp&lim frå den sida)
Dato, årstal, klokkeslett og tidsrom
* Dato og årstal * Klokkeslett * Tidsrom
Dato Den offisielle norske skrivemåten for datoar har den tradisjonelle rekkjefølgja dag-månad-år. Døme:
24. desember 2001 24.12.2001
9. juni 2000 9.6.2000 09.06.2000
Norsk Standard NS 4129 "Kontordokumenter og blanketter. Utforming" set opp rekkjefølgja år–månad–dag. I vårt døme blir det 2000-06-09. Denne måten kan brukast i internasjonal korrespondanse. (Ver klar over at engelskspråklege land har ulik dateringspraksis. I Storbritannia set dei dagen først og så månaden, i USA er det omvendt.)
Årstal Årstal skal ikkje forkortast med apostrof, altså ikkje '99. Døme på korrekt bruk:
Reform 97 OL 94
Klokkeslett Klokkeslett kan skrivast slik:
kl. 13 kl. 1300 kl. 13.00
kl. 9.05 kl. 0905 kl. 09.05
Det er valfritt med punktum i klokkeslett med fire siffer, obligatorisk ved tre siffer.
Tidsrom Døme: Kontoret er ope måndag–fredag. I tidsrommet 1.7.–2.8. har tannlegen ferie. Middagsservering kl. 13.00–15.00.
Det skal ikkje vere noko mellomrom før og etter streken. Streken er ein tankestrek, altså ikkje bindestrek.
Bruk helst ikkje uttrykksmåten "frå kl. 13–15". Viss du skriv "frå", må du også ha med eit "til": Middagsservering frå kl. 13 til kl. 15.
Med årstal: 1840–1845 eller 1840–45
Men berre 1840–1945