Takker for mange gode ord. Ikkje så veldig ofte eg høyrer frå brukarane. Eg bruker hjelp for LibreOffice meir enn folk flest --- trur eg, og finn stadig feil. Av og til også i grensesnittet.
Interessant statistikk. Nokre år sidan eg sist køyrde slik statistikk. Ikkje rart at tastatura mine stort sett er utan bokstavar på tastane og nokre av dei er i tillegg nokså trege. Må vel byrje å spare til nytt med mekaniske brytarar på kvar tast og inngraverte teikn. :-)
Hugsar ikkje når eg fekk skrivetilgang til LibreOffice-filene og av kven, men alt då var omlag 200 000 ord omsette. Det skjer stadig endringar. For eit par dagar sidan blei det lagt til ca. 150 element. Dei er omsette nå.
Saknar bokmålsomsetjarane på denne sida. Dei eller den bruker tydelegvis maskinomsetjing, noko som fører til nokså mykje inkonsekvensar. "Call a subroutine" blir til «Ring en subrutine» og liknande. (Det vanlege er å kalla dei opp).
Helsing Kolbjøn
Den 11.01.2023 22:29, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Eivind Ødegård skreiv 06.01.2023 10:00:
Eg for min del har berre lyst til å takke deg for strålande godt arbeid gjennom mange år. Eg har ikkje finlese omsetjingane i nyaste utgåva, men synest generelt at språket i Libreoffice på di vakt har vore godt, presist og ikkje i vegen for bruken. Du er verdig nokre fortenestmedaljar i edelt metall for arbeidet du har gjort. Både eg sjølv og alle som bruker nynorsk har mykje å takke deg for.
Vil berre seia meg 100 % einig i det Eivind Ødegård skriv! Alltid kjekt å sjå LibreOffice i nynorsk språkdrakt. Kolbjørn har gjort ein kjempejobb med å laga ei veldig god omsetjing her. Og i dei *få* tilfella eg har funne og meldt frå om skrivefeil e.l., har han alltid vore kjapp med å retta opp.
I tilfelle folk ikkje er klar over kor mykje *arbeid* som ligg bak ei slik omsetjing, har eg køyrt ein kjapp statistikk på omsetjingsfilene. Den nynorske omsetjinga inneheld no 679 060 ord. Og om lag 3,7 *millionar* teikn (resultatet av omtrent like mange tastetrykk!).